«Norside Cetus»

«Norside Cetus»

Fjellstrand AS har levert den ombygde PSVen, «Norside Cetus».

Publisert Sist oppdatert

- Dette er bra det. Fartøyet framstår i dag slik som det vart planlagt og me er svært nøgd med resultatet, fortel reiar, Hans Martin Gravdal.

Det 83,4 meter lange og 18 meter breie skipet vart kjøpt i januar 2022. I februar i fjor vart det levert til verftet Fjellstrand AS, i Hardanger. Her har skipet gått gjennom ei omfattande ombygging frå Platform Supply Vessel (PSV) til Walk to Work- skip.

- Desse båtane er noko ein nyttar typisk inn mot vindmølleindustrien, men vert og nytta til olje- og gassinstallasjoner som er ubemanna eller har få overnattingsplassar. Då treng ein eit skip som kan vera hotell for arbeidarane, fortel salssjef i Fjellstrand AS, Olav Lie.

Båthotell

I februar 2022 byrja prosessen med å byggja det 250 tonn tunge båthotellet, som seinare vart transportert ut av ein av verftshallane og løfta med kran opp på skipet.

– Når det var på plass fekk me løfta det store tårnet på båten på plass. Det er ein svært omfattande operasjon. Det må passa akkurat og det må sveisast medan det heng i krana. Ein må da sveisa eit stort areal, med stor presisjon, samstundes som tårnet må stå 100 prosent korrekt i forhold til båten.

Hoveddata:

Navn: «Norside Cetus»

Verft: Ulstein Verft/Fjellstrand Verft

Design: PX121

Lengde: 83,4 meter

Bredde: 18 meter

Tonnasje: 3636

IMO-nummer: 9732216

Rederi: Norside

Motor: 2x Cat 3516TA C - 2350 kW og 2x Cat C32 994 kW

Propell: 2x 2200 kW Azipull 100 CP

Baugthruster: 2x 880 kW

Generator: Scania D112 62M

DP2: Kongsberg Maritime

Brannslukningsutstyr: Danfoss Fire Safety

Livbåter: Viking Life-Saving Equipment

Elektrisk installasjon: Vassnes Power

W2W System: STMS

Etter dette fekk dei òg montert den 30 meter lange gangbrua, som industripersonellet brukar for å koma seg over til vindmølleinstallasjonane.

Utfordrande sikt

Sidan møllene er blitt så høge, er det utfordrande for dei som skal manøvrera gangbrua.

– Det vert så høgt at vedkomande ikkje ser heilt opp. Difor har me laga eit resses på brua. Me har senka ein stol ned i golvet slik at vedkomande får betre sikt oppover.

Fasilitetar

Skipet rommar opp til 90 personar. Med så mange om bord er det heilt naudsynt å registerera kven som til einkvar tid er om bord i fartøyet.

– Difor har me laga ein stor og fin resepsjon, med registreringssystem. Det er òg ei stort dagrom og messe. Mannskapet har eit eige kinorom, som òg vert nytta til gjennomgang av dagens oppgåver, sikkerhetsbrief og liknande, i tillegg til underhaldning.

Posisjonering

Skipet har ein solid Dynamic Positioning(DP)- pakke, noko som er heilt naudsynt, fortel Lie, og forklarar kva det vil seia:

– Det er eit system der ein har dedikerte thrustarar, som har i oppgåve å halda båten i posisjon. Dei nyttar signal frå satelittar, og sensorsr på havbotn som jobbar samen for at thrustarane skal halda båten i ein nøyaktig posisjon.

Skipet er òg utstyrt med Hoppe anti Roll Reduction, som er eit system som motverkar og bremser reaksjonskreftene som dreg båten frå side til side. Det gjer at ein kan nytta gangbrua sjølv i større bølgjer.

For å redusera drivstofforbruket med 20 prosent er skipet utstyrt med ein batteripakke med ein kapasitet på 1120 kWh.

Pris

I januar skipet mot Montrose i Skottland. Her skal «Norside Cetus» jobba som støttefartøy for utbyggingen av en ny vindmøllepark.

Reder Hans Martin Gravdal er strålende fornøyd med arbeidet som Fjellstrand har gjort.

Kor mykje denne ombygginga kostar ynskjer ikkje salssjefen å kommentera, men fortel at eit skip av same type ville nok kosta 5-600 millionar kroner nytt.

– Det er sjølvsagt billigare å byggja om ein båt, spesielt om ein har kjøpt båten på eit gunstig tidspunkt.

Utstyr:

«Norside Cetus» er utstyrt med med følgende hovedmotor 2x Cat 3516TA C - 2350 kW og 2x Cat C32 994 kW som utgjør totalt 6688 kW eller 9096 hk. Videre har den en Scania D112 62M nødgenerator.

Hovedpropellene er 2x 2200 kW Azipull 100 CP. Baugthruster er 2x 880 kW som er i tillegg til en 880 kW Azimuth thruster.

Rulledempersystemet er levert av Hoppe Marine. Stålarbeider på den nye modulent er gjort av NV Service South, mens selve stålet er levert av Norsk Stål.

Hovedkranen om bord er levert av Palfinger av typen PK 65002 CTV 1t. I tillegg har den 1x 20 mt og 1x 25mt kraner.

DP-2 systemet er levert av Kongsberg Maritime. De har også levert batteripakken på 1120 kW samt HiPAP og automasjon.

Elektrodesign er gjort av Vassnes Engineering mens Vassnes Power har stått for elektroinstallasjonen. Rørarbeidet er gjort av Fjordpipe. Rør og ventiler kommer fra Ahlsell.

Fra en av dagligstuene om bord i «Norside Cetus»

Redningsutstyret og flåter samt brannslukkeutstyr er levert av Viking Life-Saving Equipment. Brannslukkesystemet er fra Danfoss Fire Safety.

Innredningen om bord er levert og installert av BSI Offshore. Vanntette dører er levert av Libra-Plast mens mens Bohamet har levert vinduene. Winel har levert de vanntette skyvedørene. Lukene kommer fra Varde. HVAC i den nye modulen er installert og levert av Aeron. Vakuumsystemet og toaletter i den nye boligmodulen er fra Jets. Varmeveksler er fra Alfa Lavall.

Sunncom har levert PA-anlegget om bord. Osmose-anlegget er fra Enwa.

Skipet er malt av Husnes Sandblåsing & Sprøytemaling med maling fra Jotun. Skipet er klasset av DNV.

Walk to work-systemer er levert av SMST.

Den nye konstruksjonen ruver godt i landskapet.